tirsdag 9. desember 2008

Auggie Wrens julefortelling


Ei juleforteljing omhandlar jula. Den inneheld ofte ei god gjerning. Ein person som gjer ei god gjerning for nokon andre. I juletida og førjulstria oppstår det ofte mange problemar , dette blir ofte teke opp i ei juleforteljing. Dei fleste juleforteljingan er ønskedraumar, eventyr for vaksne eller tåredryppande, sentimentale historiar


Auggie Wrens juleforteljing er ei juleforteljing fordi Auggie gjer ei god gjerning for ei gamal dame. Den gamle dama blir glad for å få besøk av det ho trur er barnebarnet sitt. Auggie er for godhjerta til å skuffe ho ved å seie at han ikkje er barnebarnet hennar. Jula er jo ei familetid. Det verkar som om barnebarnet ikkje har besøkt ho på lenge, derfor lyg han for å glede ho.



Auggie ville nok ikkje ha namnet sitt i forteljinga fordi han følte seg ussel. Han følte seg ussel fordi han hadde lurt og ikkje nok med det, men han hadde og stole frå ei blind gamal dame. Auggie ville eigentleg berre gjere ei god gjerning, noko som han og gjorde, men den gode gjerninga tok ei uventa vending. Ei vending han ikkje kan vere stolt over. Akkurat der og da passa det seg bra å ta kameraet, men da han byrja å tenke seg om følte han seg berre ussel. Eg synest han er snill som gjer ei god gjerning, sjølv om han dreg ein liten kvit lygn og stel så gjer han jo ei gamal ensleg dame glad.


Historia utspel seg på 1970-talet. Tobakkskiosken til Auggie Wren er sentrum. Han tok bilde kvar dag på same tidspunkt av ei kryss. Dette viser at kvar dag er ulik og at ei utvikling går føre seg.


Vi kan sjå at Paul Auster er glad i å skrive mange historiar inn i ei historie. I denne forteljinga har vi både Auggie Wrens juleforteljing og historia om Paul som skal skrive ei historie.